Publisert 25.04.2017

Løyve til Tverråa kraftverk

NVE gjev Tverråa Kraft AS løyve til å byggje Tverråa kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark. Utbygginga er planlagt i verna vassdrag. NVE meiner ei utbygging med redusert slukeevne ikkje vil vere i konflikt med verneverdiane og at utbygginga vil ha større nytte enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser.

Tverråa Kraft AS har fått løyve til Tverråa kraftverk i Tverråa i Fyresdal kommune. Kraftverket vil nytte eit fall på 300 m og ha ei forventa årleg produksjon på om lag 1,9 GWh. Dette svarar til straumbruken til 95 husstandar.

Tverråa ligg i det verna vassdraget «Området vest for Fyresvatn». Verneverdiane er hovudsakeleg knytt til fornminner og friluftsliv. NVE meiner disse verneverdiane ikkje blir råka ved ei utbygging. Vassuttaket det er søkt om er høgt i verna vassdrag. For å ivareta ei naturleg og variert vassføring også etter utbygginga er eit av vilkåra at det ikkje kan tas ut meir enn halvparten av berekna middelvassføring. 

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og har difor gjeve løyve til bygging av Tverrå kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om løyve til Tverråa kraftverk

 

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90198216
Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66