NVE gjev løyve til Herresbekken, Hamkollåna og Skothomtjønn kraftverk, medan Bliksåna og Gjermundsbekken kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Åseral kommune i Vest-Agder.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 14 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 700 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 8,6 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verknader på landskap og friluftsliv har vore dei viktigaste tema i NVE si vurdering. NVE har gjeve løyve til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve.

Les meir om kvart enkelt løyve/avslag:

Bliksåna kraftverk

Søkar: Tinfos AS, Produksjon (GWH)/år: Avslag

Hamkollåna kraftverk

Søkar: Bjørn Erik Smeland, Produksjon (GWh)/år: 4,47

Skothomtjønn kraftverk

Søkar: Ljosland Fallrettsameie (SUS), Produksjon (GWh)/år: 4,1

Gjermundsbekken kraftverk

Søkar: Ljosland Fallrettsameie (SUS), Produksjon (GWh)/år: Avslag

Herresbekken kraftverk

Søkar: Herresbekken Kraft (SUS), Produksjon (GWh)/år: 5,45