NVE har gjeve løyve til Risvollelva og Nedre Molla kraftverk, medan Maldal og Øvre Molla kraftverk har fått avslag. Alle i Sauda kommune i Rogaland.

Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 25 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 8 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

I vedtaka om Maldal og Øvre Molla kraftverk har NVE lagt vekt på at utbyggingane ville ha gjeve uforholdsmessige store negative konsekvensar for landskap og biologisk mangfald, samstundes som ingen av desse prosjekta ville ha bidratt med særskild mykje ny kraft. For Øvre Molla har NVE i tillegg lagt noko vekt på at det er ein relativt høg utbyggingskostnad for prosjektet.

NVE meiner at for Nedre Molla- og Risvollelva kraftverk er verknadane akseptable gitt avbøtande tiltak, og vi har difor gjeve konsesjon til desse to prosjekta.

 

Les meir om Risvollelva kraftverk

Les meir om Maldal kraftverk

Les meir om Nedre Molla Kraftverk

Les meir om Øvre Molla kraftverk