NVE gjev løyve til Langedalselva, Traudalen, Kvitefella 2, Sessaelva, Ommedal, Røyrvik og Haugaelva kraftverk, medan av Rauset, Skorgeelva, Øyrane og Solheim kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. Dei sju kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 50 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 2500 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 32,6 GWh/år.

Verknader på landskap er viktig tema i handsaminga
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVE si vurdering av desse småkraftsakane i Gloppen. Andre sentrale problemstillingar gjeld verna vassdrag og bestandar av storaure: Langedalselva og Traudalen kraftverk har fått konsesjon og ligg ved verna vassdrag. To andre saker har omfatta bestander av storaure; Solheim og Haugaelva kraftverk. Opprusting- og utvidingssakene i Gloppeelva var ein del av høyringa av småkraftpakke Gloppen, men sakane i Gloppeelva vil bli avgjort for seg.

For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.

Les meir om kvart enkelt kraftverk:

Langedalselva kraftverk.
Produksjon: 6 GWh/år Søkjar: Moane Kraft SUS

Traudalen kraftverk.
Produksjon: 7 GWh/år Søkjar: Traudalen Kraftverk AS

Kvitefella 2 kraftverk.
Produksjon: 2,6 GWh/år Søkjar: Kvitefella Kraft AS

Rauset kraftverk
Produksjon: 0 GWh/år Søkjar: Rauset Kraft AS

Skorgeelva kraftverk
Produksjon: 0 GWh/år Søkjar: Skorgeelva Kraft AS

Sessaelva kraftverk
Produksjon: 6,1 GWh/år Søkjar: Torill Solheim Holme

Ommedal kraftverk
Produksjon: 18,0 GWh/år Søkjar: SFE Produksjon AS

Røyrvik kraftverk
Produksjon: 5,2 GWh/år Søkjar: Røyrvik Kraft SUS

Øyrane kraftverk
Produksjon: 0 GWh/år Søkjar: Røyrvik Kraft SUS

Haugaelva kraftverk
Produksjon: 6,6 GWh/år Søkjar: NGK Utbygging AS

Solheim kraftverk
Produksjon: 0 GWh/år Søkjar: Solheim kraftverk AS

Følgjande sak er trukke: Kaldeelva kraftverk Søkjar: Småkraft AS