Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Statnett SF og Nord-Salten Kraft AS løyve til ei ny sambinding mellom regional- og transmisjonsnettet i Nord-Salten Kraft sitt forsyningsområde i Nordland fylke.

Bakgrunnen for løyva er å styrke forsyningstryggleiken til Nord-Salten, samtidig som det vil opne for ny produksjon i området. Anlegga ligg i Sørfold kommune.

Det er gjeve løyve til Statnett SF for ny Kobbvatnet transformatorstasjon og omlegging av eksisterande 420 kV kraftleidning. Dette inneber ca. 2,8 km ny 420 kV kraftleidning og riving av 1,1 km eksisterande 420 kV kraftleidning

NVE gjev samtidig løyve til Nord-Salten Kraft AS for å bygge ein om lag. 0,4 kilometer lang kraftleidning frå Gjerelvmo transformatorstasjon til Kobbvatnet transformatorstasjon, som skal bygges i trasé 1.0.

Les meir om sakane på NVE sin nettstad:

NVEs nettside om Kobbvatnet transformatorstasjon

NVEs nettside om 132 kV Gjerelvmo - Kobbvatnet