NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Reina kraftverk i Overhalla kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 6,6 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 330 husstandar.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og det blir lagt vekt på at ei utbygging av Reina kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon. Kraftverket er planlagd i Reina, med inntak 120 meter over havet og kraftstasjon 30 meter over havet. Vassvegen på om lag 830 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga.

Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for naturmangfald. Det vert stilt krav om tiltak som skal ta omsyn til laks, sjøaure og ål, mellom anna omlaupsventil i kraftverket. Med avbøtande tiltak vil ei utbygging ha avgrensa effektar for naturmangfaldet. Utbyggingsområdet kan vere utsatt for kvikkleireskred, og det må gjennomførast geotekniske undersøkingar før utbygging kan finne stad.

Les meir om løyve til Reina kraftverk.