NVE gjev Alsaker Fjordbruk AS løyve til regulering og uttak av vatn frå Onarheimvassdraget i Tysnes kommune i Hordaland. Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.

Det er gjeve løyve til eit maksimalt vassuttak på 170 l/s og regulering av Onarheimvassdraget mellom 112,5 meter over havet og 111 meter over havet. Det planlagde settefiskanlegget vil produsere opptil 4 millionar smolt per år.

Det er sett krav om minstevassføring på 70 l/s frå inntaket i Onarheimselva, av hensyn til gyte- og oppvekstområder for sjøørret.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til det planlagde anlegget på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet her