NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Søbergsvatnet i Eidsvassdraget i Bindal kommune i Nordland. Reguleringa vil auke produksjonen i Søbergsvatnet kraftverk med om lag 3,2 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 160 husstandar.

Søbergsvatnet kraftverk blei satt i drift i 2011, og då utan reguleringsmagasin. NVE har no gjeve løyve til regulering av vatnet med 1 meter, noko som ligg innanfor naturleg svingning av vasspelet. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil få auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfald og reindrift.

NVE meiner at slepp av minstevassføring frå Søbergsvatnet i stor grad vil ta vare på livsmiljøet i og langs elva, og dempe ulemper for landskap og friluftsliv. Anleggsperioden skal avtalast med reinbeitedistriktet som har dyr på vinterbeite i prosjektområdet.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til regulering av Søbergsvatnet på nærare fastsette vilkår.

Les meir om reguleringa av Søbergsvatnet her