NVE gir løyve til regulering av Nedre Mølnelvann og overføring av Mølnelva til Sommersethelva kraftverk i Tysfjord kommune i Nordland. Overføringa vil gi ein auka produksjon på om lag 2,8 GWh. Dette svarar til straumbruken til 140 husstandar.

Clemens Kraft AS har fått løyve til regulering av Nedre Mølnelvvann mellom 481,5 moh. og 482,45 moh. Vatnet skal brukes til buffermagasin for Sommerseth kraftverk. Det er også gitt løyve til overføring av Mølnelva til Sommersethelva kraftverk som har fått løyve tidligare, men enno ikkje er bygd. 

Utbygginga vil kunne få konsekvensar for reindrift og landskap. Med tilpassinga i anleggsperioden og krav om minstevassføring meiner NVE at utbyggingsplanane er akseptable i forhold til reindrift og allmenne interesser.