NVE gjer løyve til å overføre Store Fiskelausen til eksisterande reguleringsmagasin Øksnevatn, i Øvre Eiker kommune i Buskerud.

NVE har handsama søknad frå Statkraft Energi AS om å overføre Store Fiskelausen til Øksnevatn i Øvre Eiker kommune i Buskerud. Overføringa vil nytte eksisterande reguleringsmagasin og auke produksjonen i Hakavik kraftverk med 1 GWh. Det er planlagd å lage ein terskel i utlaupet av Store Fiskelausen med slepp av minstevassføring.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at overføringa vil gje ei produksjonsauke på 1 GWh, som svarar til straumbruken til om lag 50 husstandar, utan å skape store inngrep. Ein vil nytte eksisterande regulering og det er venta få negative konsekvensar for allmenne interesse.

Les meir om overføring av Store Fiskelausen her.