NVE har gjeve Bane NOR SF løyve til å byggje Hell omformarstasjon på Eidum i Stjørdal kommune og Steinkjer omformarstasjon på Heggesenget i Steinkjer kommune.  

Bane NOR har starta arbeidet med å elektrifisere Trønderbanen og Meråkerbanen, og bygging av omformarstasjonane er naudsynt for å kunne forsyne jernbanen med straum. Samstundes med løyvet til omformarstasjonane, har NVE gjeve NTE Nett løyve til å byggje ein ca. 400 meter lang 66 kV jordkabel frå Steinkjer transformatorstasjon til Steinkjer omformarstasjon.

NVE har satt krav om at Bane NOR må lage ein miljø-, transport- og anleggsplan som blant anna skal beskrive gjennomføringa av anleggsarbeidet.

Les meir om sakene:

Hell omformarstasjon

Steinkjer omformarstasjon

66 kV Steinkjer transformatorstasjon-Steinkjer omformarstasjon