NVE gjev løyve til Nye Suvdøla kraftverk i Drangedal kommune i Telemark.  

Drangedal everk KF ønsker å nytte meir av fallet i elva Suvdøla i Drangedal. Det er eit kraftverk i vassdraget i dag. For å få ei meir effektiv og moderne drift vil Everket fjerne det gamle kraftverket, og forlenge den eksisterende røyrgata for å auke produksjonen i eit nytt Suvdøla kraftverk som utnytter ei større fallhøgd og meir av den regulerte vassføringa.

Vassdraget er allereie regulert, og det søkast ikkje om ytterlegare reguleringer eller nye reguleringsmagasin. Nye Suvdøla kraftverk vil etter planene gi en årsproduksjon på 46 GWh regulerbar kraft. Dette er ei auke på 17 GWh og 4,7 MW sammenligna med «Gamle Suvdøla» kraftverk. Dette tilsvarer straumbruken til ca. 850 husstander.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygginga vil være eit bidrag til en fornybar og regulerbar energiproduksjon med begrensa miljøeffekter. Elveløpet i den øvre delen av tiltaksområdet er allereie utnytta i kraftsamanheng, og NVE meiner at omsøkte tiltak vil ha små ytterligare negative virkningar for biologisk mangfold. Prosjektet framstår òg som lite konfliktfylt, då ingen av høyringspartane er imot tiltaket.

NVE har sett vilkår for å redusere dei negative verknadane for  ålmenne interesser, og saka er i tillegg sett i samanheng med den pågåande revisjonssaka i vassdraget. Sistnemnte er fortsatt til handsaming hjå NVE.

 

Les meir om kraftverket her:

Nye Suvdøla kraftverk

Revisjonssaka i Suvdøla