Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Haugaland Kraft Nett AS og Hardanger Energi Nett AS løyve til å bygge nye 66 (132) kV kraftleidningar i kommunane Kvinnherad og Jondal, i Hordaland fylke.

Haugaland Kraft Nett har fått løyve til å erstatte eksisterande 66 kV leidning mellom Mauranger, Jukla og Eidesfossen med ein ny 66 (132) kV kraftleidning. Hardanger Energi Nett har fått løyve til å bygge og drive ein ny ca. 10 km lang 66 (132) kV kraftleidning mellom Eidesfossen transformatorstasjon og Herand. Leidningane blir bygde for 132 kV spenning, men skal driftast på 66 kV inntil vidare.

Grunngjevinga for vedtaka er at nettanlegga vil gje nettkapasitet til ny fornybar energiproduksjon i Jondal kommune. Nettanlegga vil òg gjere at nettapa reduserast ved overføring av eksisterenda kraftproduksjon nord for Herand, og samstundes gje ein noko auka forsyningstryggleik i Jondal og Ullensvang vest for Sørfjorden. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.

Les meir om sakane på NVEs nettstad:

132 kV Maruanger – Jukla – Eidesfossen

66 (132) kV Eidesfossen – Herand