Løyve til ny kraftleidning frå Ølen til Bratthammar - NVE

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i dag gjeve Haugaland Kraft Nett AS løyve til å bygge ein 66(132) kV kraftleidning. Leidninga vil erstatte to 66 kV leidningar i Vindafjord og Tysvær kommunar i Rogaland fylke.

Visualisering av trase på strekningen Austreim-Vestrå

Ny kraftleidning erstattar to gamle leidningar

Haugaland Kraft Nett har fått løyve til å bygge ein ny 66(132) kV kraftleidning med dobbeltkurs frå Ølen transformatorstasjon via Våg transformatorstasjon til Bratthammar. Dei eksisterande 66 kV leidningane på same strekning skal fjernast. Nye leidningar skal hovudsakeleg etablerast parallelt eller i same trasé som dei gamle leidninga, med unntak av delstrekninga Austreim–Vestrå i Vindafjord. Her skal leidninga byggast i ny trasé utanom tettstadane Skjold og Isvik.

Oppgradering og auka kapasitet

Grunngjevinga for vedtaket er at dagens 66 kV leidningar på strekninga Ølen–Våg–Bratthammar er gamle og i dårleg teknisk forfatning. Det er vidare behov for auka overføringskapasitet på strekninga grunna tilkopling av ny kraftproduksjon i området. Leidninga vil òg forbetre forsyningssikkerheita generelt i forsyningsområdet. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka. 

Gjenbruk av trasé gjennom utvald naturtype

På strekninga Våg–Bratthammar vil den nye leidninga gå gjennom naturtypeområda Krosshaug–Såt–Krokavassnuten (BN00082285) og Valhest–Kiggjafjellet (BN00082287) med kystlynghei klassifisert som «svært viktig» (A-lokalitet). Dette er ein utvald naturtype i medhald av naturmangfoldlova kapittel VI og forskrift om utvalde naturtypar etter naturmangfoldlova § 3.

Etter NVEs vurdering vil den nye leidninga ikkje ha vesentlege negative konsekvensar for naturtypen då leidninga på denne strekninga erstattar to eksisterande 66 kV leidningar og hogst ikkje er nødvendig. NVE meiner omsynet til naturtypen kan ivaretakast med god planlegging av anleggsarbeider og plassering av mastepunkter.  

Les heile vedtaket på sakens nettside.