NVE gjev Zephyr AS løyve til å byggje ein ny 19 kilometer lang kraftleidning etter traséalternativ 1A frå Dalsbotnfjellet vindkraftverk i Gulen kommune i Sogn og Fjordane til Frøyset transformatorstasjon i Masfjorden kommune i Hordaland.

Kraftleidningen er naudsynt for å knyte Dalsbotnfjellet vindkraftverk til kraftnettet. NVE stiller krav om at Zephyr skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før anleggsarbeida kan starte. Planen skal mellom anna spesifisere masteplasseringar gjennom Myrdalen, og korleis Zephyr skal gjennomføre rydding og skjøtsel av skog. NVE sett òg vilkår om merking av linene for å redusere risikoen for fuglekollisjon ved Storetjørna.

Dette vedtaket opphevar tidlegare konsesjonsvedtak av 30.9.2013 om ein trasé via Brosviksåta vindkraftverk.

NVEs vedtak om å gje konsesjon til Dalsbotnfjellet vindkraftverk er påklaga og vert sendt vidare til Olje- og energidepartementet for endeleg vedtak, saman med eventuelle klagar på kraftleidningen.

Les meir om saka her.