Publisert 10.08.2017

Løyve til ny 132 kV kraftleidning i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Bremangerlandet vindkraftverk fekk 6. juni 2017 endeleg løyve etter klagebehandling hjå Olje- og energidepartementet. NVE gjev i dag SFE Nett AS løyve til ca. 10,5 km ny 132 kV kraftleidning frå Bremangerlandet vindkraftverk til Rugsundøy. Kraftleidninga er naudsynt for å knyte krafta frå Bremangerlandet vindkraftverk til regionalnettet på Rugsundøy.

NVE har vurdert at den nye leidninga stort sett vil få god bakgrunnsdekning i terrengformasjonane. Eit fjordspenn over Skatestraumen vil gje dei største visuelle verknadene, med krav til merking for luftfart og montering av fugleavvisere. Fjordspennet vil òg gje auka kollisjonsfare for fugl.

NVE gjev samstundes samtykke til oreigning av naudsynt grunn og rettar til bygging og drift av anlegga. NVE gjev òg i dag Bremangerlandet vindpark AS samtykke til oreigning av naudsynt grunn og rettar for å bygge og drive Bremangerlandet vindkraftverk.

Les meir om sakene:

Ny 132 kV kraftleidning Bremangerlandet - Rugsundøy

Bremangerlandet vindkraftverk

 

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf.: 416 78 203

Sakshandsamar Sissel Jakobsen (Guleslettene og Hennøy vindkraftverk), tlf.: 22 95 90 98