Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Lyse Elnett løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning Gilja–Seldal. Frå Seldal gjev NVE Lyse Elnett løyve til å fortsette å drive eksisterande 132 kV kraftleidning til Tronsholen transformatorstasjon. Leidningane ligg i kommunane Gjesdal og Sandnes i Rogaland fylke.

Kraftleidningane som Lyse Elnett får konsesjon til er naudsynte for å knyte Gilja vindkraftverk til nettet, og gjer det mulig å sette vindkraftverket i drift med ei yting på 135 MW innan fristen for elsertifikat i 2021. NVE meiner kraftleidningane er ei god løysing for å få dette til.

NVE gjev Lyse Elnett ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynt grunn og rettar for bygging og drift av den nye leidningen.

NVE gjev samstundes Gilja vindkraftverk løyve til ei mindre justering av traseen for kraftleidningen frå Gilja vindkraftverk til Gilja.

Handsaminga av søknadane om auka yting på Gilja vindkraftverk og søknad om Sandnes vindkraftverk er satt på vent på grunn av manglande kapasitet i nettet.

 

Les meir om kraftleidningen 132 kV Gilja–Seldal her.

Les meir om Gilja vindkraftverk her.