Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Eidsiva Nett AS løyve til å bygge ein 132 kV kraftleidning i kommunane Elverum, Våler og Trysil i Hedmark fylke. 

Eidsiva Nett har fått løyve til å fjerne eksisterande 66 kV leidning mellom Herandsbygd og Lutufallet, og bygge ein ny 132 kV kraftleidning frå Elverum til Trysil. Ny leidning skal etablerast i same trasé som den gamle leidningen mellom Løvbergsmoen og Lutufallet. Mellom Lutufallet og Trysil skal eksisterande 66 kV leidning byggjast om til 132 kV spenning.

Grunngjevinga for vedtaka er at nettanlegga vil auke overføringskapasiteten i området, og gje nettkapasitet til ny fornybar energiproduksjon. Dei nye nettanlegga vil òg redusere nettapa og samstundes gje ein auka forsyningstryggleik i Trysil-regionen. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.