NVE gjev Lyse Elnett løyve til å bygge ein ny 132 kV kraftleidning på 18 kilometer mellom Bjerkreim transformatorstasjon og Opstad transformatorstasjon i Rogaland, og til å bygge ny Opstad transformatorstasjon.

Transformatorstasjonen skal erstatte dagens Opstad transformatorstasjon, som skal rivast.

NVE meiner at tiltaket er viktig for å sørge for tilstrekkeleg effekt inn til den sørlege delen av Jærnettet. Tiltaket legg og til rette for å kunne fornye kraftleidningsnettet på Jæren, som er prega av alder og slitasje.

Leidninga og transformatorstasjonen vil vere godt synlig i det opne Jærlandskapet ved Opstad. Leidninga vil kunne føre til auka kollisjonsrisiko for fugl og påverke førekomstar av kystlynghei, som er ein utvald naturtype. NVE har sett vilkår for å ivareta kystlynghei ved gjennomføring av anleggsarbeidet.

Les meir om løyvet her