Skafså kraftverk ANS har søkt om løyve til å byggje Hylebu- og Borsæ kraftverk i Tokke kommune i Telemark. NVE gjev løyve til Hylebu kraftverk, medan Borsæ kraftverk får avslag. Hylebu kraftverk vil produsere om lag 4,2 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 210 husstandar. Borsæ kraftverk, som fekk avslag, kunne ha gjeve 7,6 GWh/år.

NVE meiner at Hylebu kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi i eit allereie regulert vassdrag. For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak.

NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper ved det planlagde Borsæ kraftverk. Dei negative effektane for landskap, brukarinteresser, friluftsliv og biologisk mangfald er samla store, vurdert opp mot produsert kraft. NVE har lagt stor vekt på høve til villrein og irreversible terrenginngrep som vil gje negative konsekvensar for landskapet.

 

Les meir om Hylebu kraftverk

Les meir om Borsæ kraftverk