NVE gjev Chr. Salvesen & Chr. Thams Communications Aktieselskap løyve til fortsatt drift av Fosstveit kraftverk i det verna Vegårvassdraget. Med dei fastsette vilkåra vil kraftverket produsere nær 7,8 GWh/år, og tilhøva for anadrom fisk og ål blir betre.

NVE vedtok at Fosstveit kraftverk skulle kallast inn til konsesjonshandsaming etter vassressurslova fordi drift av kraftverket har gitt store skader, og til dels høg dødelegheit, på laks, sjøaure og ål.

Ei innkalling av anlegget har gitt NVE høve til å fastsette vilkår som betrar tilhøva for fisk på veg opp eller ned i vassdraget og gjer mindre skade på fiskebestandane. Blant dei viktigaste krava som er sett vil vi særleg nemne krav om ny inntaksrist, sesongtilpassa minstevassføring og tilpassing av dei eksisterande fisketrappene. Dei nye tiltaka skal vere ferdigstilt innan utløpet av 2021 slik som det også går fram av regional plan for vassforvaltning i vannregion Agder, medan dei nye krava til minstevassføring skal gjelde så snart råd er.