NVE gir Offerdal Kraftverk AS løyve til å byggje, og drive ein om lag 7 km lang 132 kV kraftleidning frå Indre Offerdal til Naddvik koplingsstasjon som sjøkabel og jordkabel i staden for luftleidning og jordkabel. Anlegga ligg i Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Offerdal kraftverk fekk i 2017 løyve til å byggje Offerdal kraftverk med tilhøyrande nettilknyting som luftleidning over Årdalsfjorden og vidare luftleidning og jordkabel. Grunna reduserte kostnadar ved sjøkabel, gir NVE no Offerdal kraftverk løyve til å byggje nettilknytinga med ein om lag 5 km lang sjøkabel frå landtak i Indre Offerdal til landtak i Naddvik, og vidare derifrå ein om lag 2 km lang jordkabel til Naddvik koplingsstasjon.

NVE meiner at nettilknyting med sjøkabel og jordkabel gir få negative verknader for ålmenta samanlikna med luftspenn over fjorden, og er i tråd med høyringsuttalene i saka. NVE har sett krav om at Offerdal kraftverk skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan der som skal godkjennast av NVE før anleggstart.

NVE gir òg Offerdal kraftverk ekspropriasjonsløyve til naudsynte grunn og rettar for å utføre tiltaket. Ein kan lese meir om tiltaket på

www.nve.no/kraftledninger