Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 28.06.2021

Løyve til auka straumforsyning til gassfeltet Ormen Lange

NVE gir A/S Norske Shell løyve til å byggje og drive ein ny frekvensomformar og to 45 kV kraftkablar frå Nyhamna industriområde til gassfeltet Ormen Lange på havet. Kablane består av om lag 550 meter jordkabel, og om lag 120 km med sjøkabel. Anlegga på land ligg i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke.

Illustrasjon: Oversiktsbilde over tiltak på land på Nyhamna der området i gult viser plassering av frekvensomformer og trasé for jordkabel.

Gassfeltet Ormen Lange har vore i drift sidan 2007 og er drifta med straum frå Nyhamna på land. Grunna trykkfall i reservoara på havet er det no naudsynt å auke kompresjonstrykket på anlegga til havs for å kunne halde fram med gassutvinninga. Det er og behov for auka straumforsyning til dette. Når anlegga blir sett i drift vil effektuttaket på Nyhamna auke med om lag 20 MW, samanlikna med i dag.

A/S Norske Shell får løyve til å byggje ein ny frekvensomformar i tilknyting til dei noverande industrianlegga på Nyhamna, og leggje to om lag 550 meter lange jordkablar frå omformaren til landfall mellom Futvika og Grynnvika. Vidare får Norske Shell løyve til å leggje to om lag 25 meter lange sjøkablar frå landfall til norsk grunnline. A/S Norske Shell får løyve til å leggje to om lag 95 km lange sjøkablar frå norsk grunnline ut til felta til havs. A/S Norske Shell får òg løyve til utvida områdekonsesjon for anlegga på Nyhamna industriområde i tråd med vedtatt reguleringsplan for utvida industriområde på Nyhamna. Anlegga gis løyve etter energilova og havenergilova.

På land vil jordkabelen gå i eit område med den sterkt trua utvalde naturtypen kystlynghei. NVE vil sette vilkår om at topplag skal tilbakeførast for å oppretthalde naturtypen, og NVE meiner at tiltaket på den måten ikkje vil redusere naturtypen i kommunen i særskild grad.

Tiltaket kan gje negative verknadar for skipsfart, fiskeri og gyte-/yngleområder for fisk under anleggsarbeida. NVE sett difor spesifikke krav om at Norske Shell skal ta omsyn til høgsesong for fisket frå januar til mars, og gyte- og klekkesesong for fisk frå januar til april. Det vert òg sett krav om at dei skal ha dialog med fiskeriinteressene og Kystverket, for å ta omsyn til skipstrafikken under anleggsarbeida. NVE meiner at tiltaket vil gi få negative verknader for ålmenta i driftsfasen.

Meir informasjon om saka finn du på NVE sin nettstad.

Kontakt

Solveig Willgohs, sakshandsamar
22 95 92 45

Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef
22 95 90 33