Åmotsfoss kraftverk AS i Nissedal kommune i Telemark har fått løyve til bygging av Åmotsfoss kraftverk i Nidelva, ca. 1 km sør for samløpet mellom Fyresdalsåna og Nisserelva.

Kraftverket vil produsere om lag 20 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 1000 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at utbygginga har få negative konsekvensar samstundes som prosjektet vil bidra ny regulerbar kraft i et allereie gjennomregulert vassdrag.

NVE meiner at for Åmotsfoss kraftverk er dei negative verknadane akseptable gitt avbøtande tiltak, og vi har difor gitt konsesjon prosjektet.

 

Les meir om løyvet til Åmotsfoss


Kontaktinfo:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Overingeniør Joachim Kjelstrup, tlf. 22 95 91 47