Publisert 19.03.2019

Løyve til å skifte ut master på leidning i Narvik kommune

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Statnett SF løyve til å skifte ut 28 master på eksisterande 132 kV leidning mellom Kvandal og Sildvik transformatorstasjonar i Narvik kommune i Nordland fylke.

Mastene vert skifta ut over ein strekning på om lag 10 km, frå sør for Elvegårdselva til krysningpunkt for E10 ved Elvesletta. Grunngjevinga for løyvet er at det er naudsynt å utføre vedlikehald på leidningen på grunn av alder og slitasje som følgje av vêrhardt klima i området. Leidningen går parallelt med dei to 420 kV leidningane Ofoten–Balsfjord, og Ofoten–Kvandal.

NVE meiner at tiltaka vil ha små verknader for ålmenta og naturmangfaldet då det er snakk om å skifte ut master på ein eksisterande leidning, og ein ikkje vil tilføre nye element til området.

NVE gir samstundes Statnett SF ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynt grunn, og rett til bygging og drift av dei nye tilknytingsleidningane. Statnett får òg løyve til allmannastemning for ein eigedom med uklare eigedomstilhøve.

NVE har gjeve Statnett løyve til å bruke att miljø-, transport- og anleggsplanen som vart utarbeida i samband med bygginga av 420 kV-leidninga Ofoten–Balsfjord som går parallelt med leidningen Kvandal–Sildvik. Statnett skal oppdatere denne planen med omsyn til kart og tilstand på eksisterande køyrespor som skal gjenbrukast, og eventuelle tiltak for å redusere ytterlegare skadar på desse. Planen skal godkjennast av NVE før anleggsstart.

Kontaktpersonar:

Sakshandsamar: Solveig Willgohs, tlf 22 95 92 45

Seksjonssjef: Lisa Vedeld Hammer, tlf 22 95 90 33

Saksdokument

Meir informasjon om tiltaka finn du her.