NVE gjev NTE Nett AS løyve til å byggje og drive ein om lag 2,5 km lang 132 kV jordkabel mellom Sutterø transformatorstasjon og Mæla, og samstundes auka transformatorkapasitet i Sutterø transformatorstasjon. Anlegga ligg i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke.

NTE Nett har òg fått løyve til å rive om lag 270 meter av den noverande leidningen Mælafoss—Eidum frå mast 62 og Mælafoss transformatorsatsjon, og løyve til å rive Mælafoss transformatorstasjon. Løyvet er grunngjeve med at det er naudsynt å fornye nettet i Stjørdal for å sikre forsyningstryggleiken i området og leggje til rette for auka forbruk. NVE vurderer at tiltaket ikkje vil gje særskilde nye verknader for miljø- eller arealbruk, og at tiltaket som heilheit vil vere positivt for området då noverande anlegg vert rive. NVE har sett krav om at NTE Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggstart.

NVE gjev òg NTE Nett ekspropriasjonsløyve til naudsynte grunn for å utføre tiltaket. Les meir om tiltaket her: www.nve.no/kraftledninger