Løyve til å byggje nettilknyting til Lista datasenter - NVE

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Lista Renewable Energy Park løyve til å byggje to nye 132 kV jordkablar frå Alcoa på Lundevågen til det planlagde Lista datasenter ved Lista flyplass, i Farsund kommune. Anlegga er naudsynt for å sikre straumforsyning til datasenteret.

Oversiktskartet viser traseen for nettilknytninga av det planlagde datasenteret på Lista. (Illustrasjon: Sweco)

Tiltaket inneber bygging av to om lag 9,75 km ny jordkablar i felles grøft, byggjing av ein ny transformatorstasjon ved det planlagde datasenteret og å utvida den eksisterande transformatorstasjonen ved Alcoa.

Naudsynt for å tilknytte datasenteret

Bakgrunnen for vedtaket er at Lista Renewable Energy Park planleggjar å byggje eit nytt datasenter ved Lista flyplass. NVE behandlar ikkje løyve til sjølve datasenteret, berre straumtilføringa. Alt nytt forbruk har rett på å bli tilknytt straumnettet, og den konsesjonsgitte løysningen er slik NVE ser det den mest fornuftige måten å gjere dette på.

Ekspropriasjonsløyve

NVE gir samstundes Lista Renewable Energy Park ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynte grunn og rett for bygging og drift av den nye jordkabelen og transformatorstasjonane.

NVE sett krav om at Lista Renewable Energy Park skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte.

Vil du vita meir?

Her kan du lese meir om konsesjonssaka.