Løyve til å byggje Hamar omformarstasjon - NVE

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Bane NOR løyve til å byggje og drive Hamar omformarstasjon i Ringsaker kommune. Anlegga er naudsynte for å forsyne jernbanen med straum.

Tiltaket inneber å etablere ei stasjonstomt på 26 dekar med eit stasjonsbygg på om lag 2000 m2 og høgd inntil 10 meter, eit lagerbygg på 50 m2 samt eit utandørs luftisolert 132 kV koplingsanlegg. Det skal òg etablerast ein om lag 275 meter lang tilkomstveg frå Jessnesvegen til omformarstasjonen. Som eit tiltak for å redusera dei negative verknadene av tiltaket skal 132 kV kraftleidningen mellom Furnesfjorden og omformarstasjonen kablast i tilkomstvegen. Luftleidningen på same strekning skal rivest.

Naudsynt for å sikre straumforsyning til jernbanen

Bakgrunnen for vedtaket er at det skal byggjast dobbeltspor på jernbanen mellom Oslo og Lillehammer. Etablering av omformarstasjonen er naudsynt for å sikre straumforsyning til dobbeltsporet. Hamar omformarstasjon skal erstatte dei eksisterande omformarstasjonane på Rudshøgda og Tangen.

Ekspropriasjonsløyve

NVE gir samstundes Bane NOR ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynte grunn og rett for bygging og drift av den nye omformarstasjonen. Vi gir òg Elvia ekspropriasjonsløyve til bygging og drift av 132 kV kabelen.

NVE sett krav om at Bane NOR og Elvia skal utarbeide ein felles miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte.

Les meir om konsesjon til Hamar omformarstasjon