NVE arrangerer offentlege møter i samband med at Haugaland Kraft Nett søkjer om ein ny kraftleidning frå Langeland transformatorstasjon på Tysnes, til Stord transformatorstasjon.  

Tid og stad:

Tysnes: 23. april klokka 19.00 på Onartun (Onarheimsvegen 314, 5694 Onarheim)

Stord: 24. april klokka 19.00 på SKL sitt hovudkontor (Lønningsåsen 2, 5417 Stord)

NVE har motteke søknad frå Haugaland Kraft Nett for ein ny 132 kV kraftleidning på ca. 18 km frå Langeland transformatorstasjon på Tysnes, til Stord transformatorstasjon ved Litlabø. Den nye leidninga skal erstatte to leidningar på same strekning. Haugaland Kraft Nett grunngjev søknaden med at eksisterande leidningar har for lite kapasitet, og at dei er gamle og nærmar seg si tekniske levetid.

NVE har sendt søknaden på offentleg høyring. Høyringsfristen er sett til 1. juni 2018.

Alle interesserte er velkomne.

 

Les meir om saka på www.nve.no/kraftledninger.