NVE arrangerer offentleg møte i samband med at Gudbrandsdal Energi Nett har søkt om ein ny kraftleidning mellom Harpefoss kraftstasjon til Ringebu transformatorstasjon i Sør-Fron og Ringebu kommunar.

Tid og sted: 9. mai 2019, kl. 19 i Sør-Fron kulturhus, Glasmestervegen 8, 2647 Sør-Fron.

Gudbrandsdal Energi Nett søkjer om to alternative trasear for kraftleidningen, på 19-20 km. Den eksisterande leidningen skal rivast når ny er ferdig bygd. Tiltaket vert grunngjeve med at dagens leidning har kort teknisk restlevetid, samt at ny leidning vil auke forsyningssikkerheta og kapasiteten i nettet.

NVE har sendt søknaden på offentleg høyring, og høyringsfristen er satt til 21. juni 2019.

Alle interesserte er velkomne til møtet.