NVE arrangerer offentleg møte på Tysnes i samband med at Haugaland Kraft Nett har meldt ein ny kraftleidning frå Langeland transformatorstasjon på Tysnes til Otteråi transformatorstasjon på Austevoll

Tid: 26. september 2018 klokken 19 på Grendatun kino på Uggdal, Uggdalsvegen 305.

Haugaland Kraft Nett meldar ein 21,8-22,3 km lang leidning frå Langeland transformatorstasjon til Otteråi transformatorstasjon. Dei vurderte alternativa består av 18-20 km luftleidning og 2,3-3,8 km sjøkabel. Dei meldte alternativa til luftleidningstrasear er på Tysnes, og sjøkabelen går frå Tysnes til Austevoll. Bakgrunnen for meldinga er at eksisterande leidning på strekninga er gamal og nærmar seg si tekniske levetid

NVE har sendt meldinga på offentleg høyring og høyringsfristen er sett til 20. oktober 2018.

Alle interesserte er velkomne.

Les meir om saka på https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?type=A&id=4943