Publisert 19.09.2022 , sist oppdatert 20.09.2022

Ikkje utsett frist for Bremangerlandet vindkraftverk

NVE har avslått søknaden frå Bremangerlandet Vindpark AS om utsett frist for Bremangerlandet vindkraftverk. Anlegget er planlagt i Bremanger kommune i Vestland, og hadde frist for å vere satt i drift 1. september i år.

Foto: Catchlight/NVE

Bremangerlandet Vindpark AS (BVAS) søkte i mars i år om utsett frist for å idriftsette Bremangerlandet vindkraftverk frå 1.9.2022 til 31.12.2025. BVAS grunngjev søknaden med at forhold utanfor deira kontroll, særleg manglande avklaringar frå offentlege styresmakter, har gjort det umogeleg å gjennomføra prosjektet innan noverande frist.

NVE er ikkje samde i at det er forhold utanfor BVAS’ kontroll som gjev grunnlag for å gjere unntak frå gjeldande forvaltningspraksis. Denne inneber at søknadar om utsett frist for vindkraftverk på land ikkje skal innvilgast. NVE har i avslaget lagt vekt på at BVAS sjølv har valt å søke om vesentlege endringar i prosjektet etter at endeleg konsesjon vart gjeven i 2017. Vi vektlegg og at Bremanger kommune ikkje har uttrykt tydeleg støtte til gjennomføring av prosjektet, og at Bremangerlandet vindkraftverk manglar avklaring mot gjeldande kommunal arealplan.

Linja AS søkte samtidig om utsett frist for idriftsetting av ny 132 kV kraftleidning for vindkraftverket. NVE har med bakgrunn i avslaget på søknaden frå BVAS avslått søknaden frå Linja.

Les meir om sakane på våre nettsider:

Kontakt

Seksjonssjef Svein Grotli Skogen
tlf: 932 62 482

Seniorrådgjevar Marte Lundsbakken
tlf: 991 50 873