Publisert 29.01.2019

Ikkje løyve til Øvre Årvikelva Kraftverk

NVE avslår søknaden frå Småkraft AS om løyve til å byggje Øvre Årvikelva kraftverk i Jondal kommune i Hordaland, fordi ei utbygging vil ha negative verknader på eit stort samanhengande naturområde med urørt preg. 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Øvre Årvikelva vil ha negative verknader på eit stort samanhengande naturområde med urørt preg på Folgefonnhalvøya, som fra før har mykje kraftutbygging. Terrenginngrepet ved ei utbygging vil vera så omfattande at det urørte preget vil bli borte og lokalt vil landskapet bli svært påverka. NVE meiner at samfunnsnytta av ein produksjon på om lag 9 GWh/år til ein relativt høg pris, ikkje er i samsvar med ulempene ei utbygging vil gje.  

 

Øvre Årvikelva kraftverk ville hatt ein produksjon på om lag 9 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til om lag 450 husstandar.

Les meir om saken her

 

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Brit T. Haugen, tlf.: 22 95 90 89