NVE gjev ikkje Tveitelva kraftverk løyve til å overføre vatn frå Reppaelva til Tveitelva i Kvinnherad kommune i Hordaland. Redusert vassføring i Reppaelva vil gje negative konsekvensar for landskap og naturmiljø, meiner NVE.

Overføringa ville etter planen gje om lag 3 GWh per år i auka produksjon i Tveitelva kraftverk. Dette svarar til straumbruken til om lag 150 husstandar.

NVE meiner overføringa vil redusere verdien av Reppaelva som eit viktig landskapselement lokalt i Nordrepollen og i det større landskapsrommet i indre del av Maurangerfjorden. NVE legg særleg vekt på negative konsekvensar for kulturlandskapet ved Flatebø. I tillegg vert fosseberg, sjøaure og fuktkrevjande lav- og mosearter i og langs elva påverka negativt. Etter NVEs vurdering kan dei negative verknadane for landskap og naturmiljø vanskeleg avbøtast, særleg sett i samanheng med mange andre vasskraftreguleringar i området.

NVE meiner at det avgrensa kraftutbyttet ikkje står i forhold til ulempene som overføringa vil gje for allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til overføring av vatn frå Reppaelva til Tveitelva.

Les meir om overføring av Reppaelva til Tveitelva kraftverk