NVE gjev ikkje Småkraft AS løyve til å bygge Nøvedalselva kraftverk i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Nøvedalselva utgjer eit viktig landskapselement av lokal og regional verdi.

Ei fråføring av vesentlege delar av vassføringa i elva vil føre til store ulemper for landskapsopplevinga. NVE meiner at ulempene knytt til landskap ikkje kan avbøtast i rimeleg grad.

Nøvedalselva kraftverk var planlagt med ei forventa årleg produksjon på 12,2 GWh, tilsvarande den årlege straumbruken til om lag 600 husstandar. NVE meiner dei negative verknadane er større enn dei positive effektane av auka kraftproduksjon, og at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabelt i høve til allmenne interesser.

Les meir om Nøvedalselva kraftverk