NVE gjev ikkje Fossåa 1K AS løyve til å bygge Fossåa kraftverk i Sør-Fron kommune i Oppland.

Fossåa kraftverk skulle nytta eit fall i elva Fossåa mellom kote 870 og 455, og var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 23,3 GWh. Dette svarer til straumbruken til om lag 1150 husstandar.

Kraftverket ville ført til negative konsekvensar for eit stort bekkekløftmiljø med høg verdi. Kraftverket ville òg gjeve store terrenginngrep i eit viktig område for friluftsliv. NVE meiner at tiltaket difor vil være i strid med Olje- og energidepartementets retningslinjer for små vasskraftverk.

NVE meiner dei negative verknadene er klart større enn nytten av tiltaket for allmenne og private interesser, og at forventa produksjon ikkje står i forhold til desse. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Fossåa kraftverk.

Les meir om Fossåa kraftverk