Publisert 28.05.2019

Ikkje løyve til Folkedal II kraftverk i Hordaland

NVE avslår søknaden frå Hardanger Energi AS om løyve til å byggje Folkedal II kraftverk i Granvin herad fordi ei utbygging vil ha negative verknader for biologisk mangfold og fisk på anadrom strekning i Kvanndalselva.

NVE har lagt stor vekt på dei negative konsekvensane tiltaket vil få ved redusert vassføring i Kvanndalselva. Folkedal II kraftverk ville hatt ein årleg produksjon på 26 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 1300 husstandar.

Lokaliteten bekkekløft og bergvegg dekker det meste av Kvanndalen og er gitt verdien svært viktig (A-lokalitet). Det blei til saman påvist 15 rødlisteartar. Kvanndalselva har en 3,6 kilometer lang anadrom strekning, og produksjonen av sjøaure er vesentleg. NVE meiner at dei planlagde inngrepa med tilhøyrande negative konsekvensar ikkje i tilstrekkeleg grad kan avbøtast

Kontaktpersoner

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216
Saksbehandlar Dag Kjellevold, tlf. 917 59 965

Saksdokument

Les meir om saka her