Publisert 02.02.2022 , sist oppdatert 03.02.2022

Glitre Energi Nett får løyve til to nye kraftleidningar i Kongsberg

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Glitre Energi Nett løyve til å byggje to nye kraftleidningar inn til Kongsberg sentrum. Anlegga er naudsynt for å styrke straumforsyninga til Kongsberg.

Visualisering av strekninga Gomsrud-Skollenborg, sør for Kongsberg. (Illustrasjon: Glitre Energi Nett)

Dei eksisterande leidningane inn til Kongsberg sentrum er gamle, og har dårleg kapasitet. For å sikre forsyninga til eksisterande og nye kundar, er det derfor naudsynt å oppgradere nettet.

Her skal kraftleidningane byggast

Sør for Kongsberg sentrum har Glitre Energi Nett fått løyve til å bygge ein 132 kV kraftleidning mellom Gomsrud transformatorstasjon og Skollenborg transformatorstasjon. Den vil være om lag 4,4 kilometer lang, og skal gå  i same trasé som den eksisterande leidninga, som skal rivast 

Nord for Kongsberg sentrum har Glitre Energi Nett fått løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning, som er om lag 5,7 km lang. Den skal gå frå Bevergrenda til Stengelsrud transformatorstasjon og vidare til Glabak transformatorstasjon. Mellom Bevergrenda og Stengelsrud skal leidningen følgje same trasé som dagens leidning. Vidare vil den nye leidningen gå på vestsida av Numedalslågen mellom Stengelsrud og nedlagde Skavanger flyplass. Frå flyplassen til Glabak skal leidningen gå i same trasé som dagens leidning, men med ei sideforskyving i området ved Skavangerveien. Den eksisterande kraftleidningen mellom Stengelsrud og Glabak skal rivast.  

NVE har òg gitt Glitre Energi Nett ekspropriasjonsløyve for bygging og drift av dei nye leidningane.  

Vilkår for utbygginga

Glitre Energi Nett skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplanar før arbeida kan starte. NVE har satt vilkår for utbygginga som skal redusere dei negative verknadene for innbyggjarar og natur.

Det er mellom anna vilkår om avgrensa skogrydding for begge leidningane, i tillegg er mastetype tilpassa dei ulike strekningane. NVE har òg sett vilkår om merking av linene for å gjere dei synlegare for fugl i områda kor leidninga går nær eller kryssar Numedalslågen.

Kontakt

Seksjonssjef,
Lisa V. Hammer
tlf. 41 90 65 23

Sakshandsamar Gomsrud-Skollenborg,
Marte Lundsbakken
tlf. 22 95 90 38

Sakshandsamar Bevergrenda-Stengelsrud-Glabak, Anine Mølmen Andresen
tlf. 22 95 98 46