NVE inviterer til offentleg møte onsdag 23. mai kl. 19.00 i Ganddal bydelshus, Olsokveien 1, Sandnes.

NVE har motteke søknad frå Lyse Elnett søker om to nye 132 kV kraftleidningar frå planlagde Fagrafjell transformatorstasjon til Vagle transformatorstasjon, og vidare til Stokkeland. Lyse Elnett søker òg om å utvide Vagle stasjon og fjerne anlegg i Stokkeland stasjon.Statnett søker samstundes om å rive Stokkeland stasjon, etter at ny 420 kV kraftleidning Lyse–Fagrafjell, Fagrafjell stasjon og andre naudsynte anlegg er sett i drift. Anlegga ligg i kommunane Sandnes og Time i Rogaland.

NVE har sendt søknaden på høyring til kommunane som får verknader av anlegga, i tillegg til ei rekke andre høyringsinstansar. Høyringsfristen er sett til 15. august 2018.

Alle interesserte er velkomne på møtet.

 

Les meir om sakane på www.nve.no/kraftledninger