NVE inviterer til offentleg møte torsdag 7. mars kl. 19.00 på Varen Randaberg kulturscene, Torvmyrveien 22,  Randaberg.

NVE har motteke melding frå Lyse Elnett om at dei har starta planlegging av ein ny 50 (132) kV kraftleidning frå Stølaheia transformatorstasjon, via ein ny transformatorstasjon på Harestad til Nordbø transformatorstasjon. Anlegga ligg i kommunane Stavanger, Randaberg og Rennesøy i Rogaland.

NVE har sendt meldinga på høyring til kommunane som anlegga ligg i, i tillegg til ei rekke andre høyringsinstansar. Høyringsfristen er sett til 27. mars 2019.

Alle interesserte er velkomne på møtet.

Les meir om saka her