Publisert 26.09.2016

Folkemøte om konsesjonssøknad til Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune, Hordaland

NVE arrangerer folkemøte om Løkjelsvatn kraftverk.

Sunnhordland Kraftlag (SKL) ynskjer å rehabilitere kraftverka i Litledalen. Dei eksisterande kraftverka Litledalen og Hardeland skal moderniserast, og i tillegg er det søkt om å byggje Løkjelsvatn kraftverk. SKL planlegg å nytte eksisterande reguleringar og fall.

Løkjelsvatn kraftverk er planlagt med ein installasjon på 60 MW og produksjon på om lag 163 GWh, der 20 GWh er ny produksjon. SKL føreslår minstevassføring i Sørelva gjennom heile året. Kopling til eksisterande nett er søkt med kabel, og det er ikkje søkt om nye vegar.

Folkemøtet om planane vert arrangert i Etne kulturhus onsdag 28. september kl. 19.00.

På møtet vil SKL presentere planane i konsesjonssøknaden, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknad med vedlegg ligg til offentleg ettersyn på Tinghuset i Etne kommune og Etne bibliotek.  Søknadane er også tilgjengelege elektronisk.

Høyringsfrist er 31. oktober 2016.

Les meir på NVE sine nettsider