Publisert 04.05.2021

Folkemøte og høyring om nytt kraftsamband frå Rogaland og Vestland fylke til Noa og Krafla oljefelt

NVE har motteke melding med forslag til utgreiingsprogram for eitt nytt kraftsamband frå land til dei planlagde oljefelta Noa og Krafla. Krafta vil hentast frå Kollsnes, Samnanger eller Gismarvik, og dei meldte landanlegga vil råka Øygarden, Samnanger, Fitjar, Utsira, Karmøy og Tysvær kommunar. Som ein del av høyringa heldes det eit digitalt folkemøte denne veka.  

Illustrasjon av Noa og Krafla oljefelt. Illustrasjon: Multiconsult

Det er Aker BP, Equinor og LOTOS Production and Exploration som har sendt melding med forslag til utgreiingsprogram for eit nytt kraftsamband frå land til dei planlagde oljefelta Noa og Krafla. Aker BP og Equinor grunngjev tiltaket med at ein elektrifisering av produksjonsplattformene vil vesentleg redusere behovet for å drifte anlegga med gass og gi ein monaleg reduksjon i CO2-utsleppa frå plattformene, i tråd med nasjonale målsettingar.

Det er meldt om tre ulike traséalternativ. I det første alternativet melder Aker BP og Equinor ein separat transformatorstasjon ved sida av eksisterande på Kollsnes, og ein om lag 140 km lang sjøkabel ut til NOAKA-feltet. I det andre alternativet er det meldt ein kraftleidning frå Samnanger transformatorstasjon til ein ny stasjon ved Barmen. Derifrå vil sjøkablane anten gå direkte til NOAKA-området, eller via ein mellomstasjon på Leirpollneset i Fitjar kommune. Det tredje alternativet går frå Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune til ein ny transformatorstasjon på Nordvik på Utsira eller Sjovika på Karmøy. Det er meldt fleire ulike alternativ frå Gismarvik til desse stasjonane.

Høyring og digitalt folkemøte

NVE arrangerer digitalt folkemøte om saken 6. mai 2021 kl. 19.00. Her vil NVE informere om saksbehandlinga, mens Aker BP og Equinor vil orientere om prosjekta. Møtet er opent for alle, og det vil være mogleg å sende inn skriftlege spørsmål.

Link til møtet blir lagt ut på søknadens saksside. Her ligger også alle saksdokumenta for de som ønsker å komme med høyringsfråsegn innan den 4. juni.

Kontaktperson

Sondre Moe Knudsen, sakshandsamar
somk@nve.no