Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 31.08.2021

BKK Nett får løyve til Knarvik transformatorstasjon i Alver kommune

NVE gir BKK Nett AS løyve til å byggje og drive ein ny 132/22 kV transformatorstasjon med tilkomstveg ved Lonena i Knarvik i Alver kommune, Vestland fylke.  

Illustrasjon av Knarvik transformatorstasjon. Illustrasjon/BKK

Det er naudsynt å bygge den nye stasjonen i området for å styrke kapasiteten i kraftnettet og forsyningstryggleiken i området Frekhaug–Flatøy–Knarvik. NVE meiner dei samla fordelane med stasjonen er store samanlikna med kostnadane, bandlegginga av areal og dei visuelle verknadane for nærmiljøet.

NVE har sett vilkår i konsesjonen om at BKK Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan, der dei mellom anna skal omtale korleis dei skal gjennomføre anleggsarbeid og istandsetting. I planen skal dei òg beskrive farge- og materialval på stasjonen si fasade, med omsyn til å minimere visuelle verknader. Planen skal godkjennast av NVE før anleggsarbeida kan starte. 

Meir informasjon om saka finn du på NVE sin nettstad 

Kontakt

Tanja Midtsian
tlf. 970 83 737