Avslår søknadar om utsett frist for idriftsetting for Kvinesheia og Remmafjellet vindkraftverk - NVE

NVE har i dag avslått søknadene frå Statkraft om utsett frist for idriftsetting på Kvinesheia og Remmafjellet vindkraftverk.

Kvinesheia vindkraftverk er lokalisert i Kvinesdal og Lyngdal kommune i Agder, og Remmafjellet er lokalisert i Orkland kommune i Trøndelag.

Statkraft søkte om utsett frist for idriftsetting for Kvinesheia vindkraftverk til 31.12.2022, subsidiært 31.12.2021.
Statkraft søkte om utsett frist for idriftsetting for Remmafjellet vindkraftverk til 31.12.2024, subsidiært til 31.12.2021.

NVE varsla om ny praksis

27.11.2019 sendte NVE brev til alle konsesjonærar og informerte om ny praksis ved handsaming av søknadar om utsett frist for idriftsetting av landbasert vindkraft. I brevet varsla NVE at fristar for idriftsetting normalt ikkje vil forlengast utover 31.12.2021.

Vil du vita meir?