AS Meraker Brug har søkt NVE om løyve til både å bygge Verksfossen kraftverk og løyve til nedlegging av dam Foldsjøen i Homlavassdraget i Malvik kommune, Trøndelag.

Verksfossen kraftverk

Homlavassdraget blei varig verna mot kraftutbygging gjennom supplering av verneplan i 2005. Vernegrunnlaget er oppleving av landskap, naturmangfald og store kulturminneverdiar. Vassdraget er også viktig for friluftslivet. Det er opna for at NVE kan gje løyve til å bygge minikraftverk i verna vassdrag viss verneverdiane i vassdraget ikkje blir negativt påverka. NVE meiner verneverdiane i vassdraget vil påverkast negativt og har avslått søknaden om å bygge kraftverk. Vi har lagt særleg vekt på omsynet til kulturminne og kulturmiljø, og dessutan utøving av friluftsliv.

Meir om Verksfossen kraftverk finn du her

 

Dam Foldsjøen

NVE har gitt løyve til nedlegging av dam Foldsjøen. Hensikta med å handsame nedlegging av dammar er å setje krav til korleis nedlegginga skal gå for seg. NVE legg vesentleg vekt på at det er svært urimeleg å pålegge dameigar store rehabiliterings- og vedlikehaldskostnadar på ein dam som ikkje har nokon nytte for dameigar. Alternativet til nedlegging er at nokon andre overtek dammen.

Dam Foldsjøen skal takast ned 4,9 meter. Dette vil føre til at vasstanden i Foldsjøen blir redusert med 4,9 meter. NVE kan avbøte ulemper anleggsfasen fører med seg, men kan ikkje avbøte dei ulempene varig senking av vasstanden i Foldsjøen fører til for allmenne interesser, irekna verneverdiane knytt til denne delen av vassdraget.

NVE har mellom anna sett krav om at nedtappinga av Foldsjøen skal skje jamt, og at tilsiget skal sleppast forbi damstaden og ut i Homla gjennom heile anleggsperioden. NVE har mellom anna også sett krav om at det skal takast omsyn til kulturminne og kulturmiljø.

Meir om nedlegging av dam Foldsjøen finn du her