NVE gjev ikkje løyve til Folla kraftverk i Folldal kommune i Hedmark fylke. Kraftverket ville i fylgje søkar ha gitt 22,8 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til om lag 1100 husstandar, medan NVE meiner produksjonen ville ha blitt monaleg lågare.

Folla kraftverk fekk i 2015 avslag. Tiltakshavar har i ettertid kome med ein ny søknad, der det skal byggast ein 950 m lang kanal langs elva i staden for ein dam rett over elvelaupet som sist. Fallhøgd og produksjon er auka, sjølv om NVE har kome fram til ein monaleg lågare produksjon enn søkar.

Folla er ein del av Glommavassdraget, og det foregår lange vandringar av harr og aure i elvene her. Etter utbygginga av Tolga representerer Folla ei av dei lengste urørte sidevassdraga i Nord-Østerdalen.

NVE meiner tiltaket vil medføre vesentlege negative konsekvensar for langtvandrande fisk i vassdraget, og det er stor uvisse knytt til funksjonen ei ev. fiskepassasje vil ha. Vassdraget er forureina, men det er forventa at Folla vil få ein auka verdi for fisk i framtida. NVE har i konsesjonsspørsmålet òg lagt vekt på den betydelege innsatsen som allereie er lagt ned for å forbetre vasskvaliteten i Folla.

Etter NVE si mening står ikkje dei omsøkte inngrepa og kostnadene ved desse i forhold til fordelane ved tiltaket.

Les meir om kraftverksplanane:

Folla kraftverk