Publisert 12.04.2018 , sist oppdatert 13.04.2018

Avslag til Urdelva kraftverk i Vestnes kommune

NVE gjev ikkje løyve til Urdelva kraftverk i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kraftverket ville ha gitt om lag 10,7 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar.

NVE meiner at framføring av røyrgate langs Urdelva som omsøkt vil føre til store arealbeslag, då planlagte veg- og røyrgatetrasé er svært bratt og ulendt, med mykje blokkmark. Det må derfor påreknast ein heil del sprenging for å få lagt vegen og røyrgata i det steinete og sidebratte terrenget. NVE meiner dei negative verknadane tiltaket vil ha på landskapsbildet er særs store og underkommuniserte i søknaden.

Fordelane i form av energiproduksjon på drøyt 10 GWh veg etter vårt syn ikkje opp for dei store ulempene knytt til omfanget av inngrepa.

Les meir om Urdelva kraftverk

Kontaktpersoner

Sakshandsamar Rune Moe, tlf: 22 95 93 15
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 90 19 82 16