NVE gjev avslag til Dyrdøla, Fossheim og Myklebust kraftverk, medan Rødøla kraftverk får løyve. Alle kraftverka ligg i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket som har fått løyve vil produsere om lag 5 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 18,1 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVEs vurdering av desse småkraftsakane i Norddal. Alle sakene som fekk avslag ligg i verna vassdrag; Dyrdøla, Fossheim (Norddalsvassdraget) og Myklebust kraftverk (Valldøla). NVE meiner desse kraftverka strir imot vernegrunnlaget i vassdraga. Etter NVEs vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.

NVE meiner Rødøla kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til prosjektet som har fått løyve.

 

Les meir om kvart enkelt kraftverk:

Fossheim kraftverk

Dyrdøla kraftverk

Myklebust kraftverk

Rødøla kraftverk