NVE avslår søknaden om løyve til å byggje Skomeåni kraftverk i det verna vassdraget Skomeåni i Bygland i Aust-Agder. Grunnen til avslaget er at ei utbygging ville svekka verneverdiane med varige og synlege inngrep.

Det er Skomeåni Falleigarlag som har søkt om å byggje vasskraftverket, som ville gitt ein årleg produksjon på om lag 5,9 GWh.

Skomeåni inngår i verneområdet Njardarheim som i hovudsak er verna grunna urørt natur. NVE meiner kraftutbygging vil svekke verneverdiane i Skomeåni med varige og synlege inngrep i området, og påverke ei bekkekløft av regional verdi. Når verneverdiane i vassdraget vert påverka, kan vi ikkje gi konsesjon. På bakgrunn av dette avslår NVE søknaden om Skomeåni kraftverk.

Les meir om Skomeåni kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Overingeniør Erlend Støle Hansen, tlf. 22 95 98 26