NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om løyve til å byggje Melkevoll kraftverk i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. NVE meiner at utbygging vil vere i strid med vassressurslova sine reglar om kraftutbygging i verna vassdrag.   

NVE legg vekt på at turisme og friluftsliv er ein del av vernegrunnlaget for Oldenvassdraget, og at Melkevoll kraftverk vil redusere verdiane for desse interessene. Særleg gjeld dette inngrepa og vassføringsreduksjonen i inntaksområdet, som ligg sentralt i eit nasjonalt viktig turistområde.

NVE meiner i tillegg at terrenginngrepa langs røyrtraseen vil vere omfattande og negativt for landskapet i området. Utbygginga vil også kunne få nokre konsekvensar for storaurebestanden i Oldenvassdraget.

Melkevoll kraftverk ville ha bidrege med ein gjennomsnittleg kraftproduksjon på 3,77 GWh. Dette utgjer straumbruken til 188 husstandar.

 

Les meir om Melkevoll kraftverk

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt             

tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Steinar Pettersen      

tlf.: 22 95 94 03